fbpx
bilde av kulaklubben samlet på en fjelltopp

Kulaklubben si årlege utflukt til Vågslid og fjellheimen.

Fredag 25. april var 7 karar klare med ski, stavar, solkrem, reine underklær og godt humør.

Tradisjon tru var det tid for den årlege fjellturen, helga etter påske. Theis Qvale opnar hytta si for karane som har lagt innebandykølla til sides til fordel for ski og stavar.

Det er faste reglar og kotymer denne helga som kyrkjeverje og førstereisgut, Stein Robert Osdal raskt fekk ein innføring i. Til dømes kan ein ikkje berre ta det første og beste soverommet om det er ledig. Visse rom er forbeholdt nokon som har vore med lenge. Prost i Sunnhordland, og sjefsoppmann i Kulaklubben, Arild Steinsland, var rask til å jage ut kyrkjeverja med sovepose og bagasje og vise han til aspirantsenga på hemsen.

Men Stein Robert gav ikkje etter for alle reglar. Han insisterte på å legge egga i kaldt vatn i staden for å vente til vatnet koka. Resten av gjengen ytra mykje skepsis og vantru til kaldkokte egg laurdags morgon, men alle måtte motviljug seie seg einige i at egga ikkje hadde tatt skade av denne nye, uhøyrde metoden å koke på.

Ein anna stor sak på desse turane er å spela kort – det er Mattis det går i. Det står mykje på spel, for det blir nøye notert i hytteboka kven som har vorte Mattis – altså tapt mest. Denne skammelege tittelen lyt ein bera heilt til neste hyttetur kor ein kan få sjansen til å ta revansj. Underteikna har dessverre fått denne tvilsame æra på fleire av turane. Og eg trur jammen eg må bæra Mattisskamma i år og.

Laurdagsmorgon blir den endeleg bestemminga tatt om kva topptur me skal satsa på. Det er fleire flotte toppar i Haukelifjell, men det gjeld å finna den som alle kan nå innan rimeleg tid. I år var og det fleire lett kvesta folk i troppen – m.a ein med fleire ribbeinsbrot og ein annan i rekonvalesens etter blodpropp i lungene.

Me fann toppen me tenkte alle ville klara utan at Theis måtte venta alt for lenge på toppen. Valet fall på Sveigen som tronar til høgre ved utløpet av Haukelitunnelen. Me ville gå i frå Midtlæger og satte i gang med friskt mot. Me hadde skumma kartet på førehand så me var relativt trygge på kursen sjølv om ingen hadde gått der før. Sola skein og kvite armar kom snart til syne då jakker og genserar hamna i sekken etter kvart som det vart brattare og brattare.

Etter knappe to timar kunne me skode ein ven og flott varde. Theis Qvale og Harald Nes sette inn sluttspurten for å vera fyrst. Nokre av oss syns nok varden kom vel fort og var i tvil om dette kunne vera sjølvaste Sveigen. Den skepsisen var ikkje heilt utan grunn viste det seg. Me var komen opp på nabonuten som me aldri hadde høyrt om før. Den heitte Kaldvassrusten. Den låg på 1509 m.o.h. Me såg Sveigen, men mellom oss og den var det ein djup avgrunn som ingen av oss såg syn på å ta fatt på.

Etter dei obligatoriske toppbileta, vart fellene flekka av skia og me starta ned-køyringa. Nokre av oss sette utfor med hjarta i halsen for me hugsa kor bratt det hadde vore enkelte stader. Men fyrstereisguten og kyrkjeverja vår, Stein Robert fann tilbake til sine ungdomskunster og forsvann nedover brattbakkane som kyrkja i Haugesund sitt svar på Sondre Norheim. Me andre berga oss óg greitt, men til heilt andre stilkarakterar.

Vel nede ved Midtlæger hadde me og god tid til å slikka sol før me kom på at den tradisjonsrike laurdagsbiffen ikkje gjorde seg sjølve og me heiv ski og støle kroppar i bilane.

Nok ein gang vart biffen svært vellukka under Eystein Hansen og Harald Nes si leiing på kjøkkenet.

Resten av kvelden gjekk med til nye rundar med Mattis og nye nederlag for underteikna.

Vanlegvis er det og skitur på søndagane, men nokre måtte heim for å sjå om FK-Haugesund ville klare å slå Fredrikstad. Så den turen vart droppa og me kom alle heim litt tidlegare enn vanleg.

Desse turane har stor verdi for oss. Det blir mange gode og meiningsfylte og tøysete samtalar som gjer godt midt opp i alt som elles står på i livet.

Kula klubben består av fleire karar som dukkar opp på trening på onsdagskveldane i Udland kyrkje. Det er ikkje dei same kvar gong, men alle høyrer like mykje med. Slik er det og med fjellturane våre. Det er ikkje krav om kor mykje ein har vore på trening for å få vera med. Når du fyrst er med så er du med på same premiss som alle andre. Berre du set deg inn i reglane og tradisjonane. Det skal vera låge skuldrar og godt kameratskap.

Så om du kunne tenke deg eit fellesskap med innebandy og årleg skitur så hiv deg gjerne med!

På vegne av kulaklubben.

Assisterande oppmann

Arnt Johan Vistnes